onsdag 28. mai 2014

"I dag" på baksiden av Klassekampen 28.05.2014



Eit sidemålssprang

Å rette – rettar – retta – eg har retta fleire hundre elevtekster siste år. Om lag ein tredjedel av dei har elevane skrive på nynorsk. Trur dei. Viss dei ikkje har skreve, da. For det gjer dei. Å skrive - skriver – skrivde - har skreve er ein av dei mange variantane dei byr på. Det synest heilt umogleg å få inn i haudet - hugu – hovudet korleis ein bøyer verba. Eller substantiva. Det må jo høyrest merkeleg ut, ellers er det sikkert ikkje nynorsk, tenkjer dei. Dei vel seg eitt tema – ja, tenk, berre eitt – av dei alternativa som oppgåvesettet byr – bjur – bauer på. Ser ikkje skilnaden på artikkel og talord, det gjer dei heller ikkje i bokmål. Og dei skriv i veg. Laust og fast. Dei er opptekne av at alle menneskjar – menneskane – folka skal få skrive kva dei vil, om all ting. Så det gjer dei. Det speler inga rolle kva oppgåveordlyden er. Om dei skal analysere og peike på verkemidla – eller virkemedela – eller kva det no heiter – i ei novelle eller eit essay, det går for det same, viss dei meiner noko anna enn det forfattaren meiner så skal dei sanneleg skrive det, det er mykje viktigare enn dei kjedelege verkemidla. Det verkar mykje betre, tenkjer dei, om dei skriv kva dei tenkjer sjølve. For det har læraren sagt, at det er viktig med evne til vurdering og refleksjon, det står i læreplanen.  Så det så.

Denne forhatte nynorsken. Det blir svesismer og andre merkverdigheitar. For nynorsk er jo mest svensk, er det ikkje? Og ingen snakkar nynorsk i dette landet her, så koffor – kvarfor eller kva søren det heita – ska me skriva det då? Og han derre Asen eller Åsen var jo ikkje nordaførr Trondheim! Dei snakka vel ikkje dialekt i nord då, eller? Kan vi ikkje heller lære eit språk til? Seier dei.

Eg skjønar problema deira. Det er eit tankekors at vi i dette lille landet skal halde på i halvtanna hundre år å krangle om to jamstilte formar av eit språk som knapt fem millionar menneske i verda brukar, alle norske. Stabeiser sit framleis i kvar sin ende og drar i språktauget til det ryk og alt blir engelsk. Enn om dei hadde blitt einige i 1938!

Det hadde verkeleg vore nyttigare om ungdomane lærte kinesisk. Eller swahili, som er lingua franca i det meste av Austafrika, offisielt språk i 5 land og blir brukt av over 140 millioner menneske. Men verda sett frå Noreg er jo litt annleis.

Lillibeth Lunde
Norsklærar i utlendigheit