Eit sidemålssprang
Å rette – rettar – retta – eg har retta fleire hundre
elevtekster siste år. Om lag ein tredjedel av dei har elevane skrive på
nynorsk. Trur dei. Viss dei ikkje har skreve, da. For det gjer dei. Å skrive -
skriver – skrivde - har skreve er ein av dei mange variantane dei byr på. Det
synest heilt umogleg å få inn i haudet - hugu – hovudet korleis ein bøyer
verba. Eller substantiva. Det må jo høyrest merkeleg ut, ellers er det sikkert
ikkje nynorsk, tenkjer dei. Dei vel seg eitt tema – ja, tenk, berre eitt – av
dei alternativa som oppgåvesettet byr – bjur – bauer på. Ser ikkje skilnaden på
artikkel og talord, det gjer dei heller ikkje i bokmål. Og dei skriv i veg.
Laust og fast. Dei er opptekne av at alle menneskjar – menneskane – folka skal
få skrive kva dei vil, om all ting. Så det gjer dei. Det speler inga rolle kva
oppgåveordlyden er. Om dei skal analysere og peike på verkemidla – eller
virkemedela – eller kva det no heiter – i ei novelle eller eit essay, det går
for det same, viss dei meiner noko anna enn det forfattaren meiner så skal dei
sanneleg skrive det, det er mykje viktigare enn dei kjedelege verkemidla. Det
verkar mykje betre, tenkjer dei, om dei skriv kva dei tenkjer sjølve. For det
har læraren sagt, at det er viktig med evne til vurdering og refleksjon, det
står i læreplanen. Så det så.
Denne forhatte nynorsken. Det blir svesismer og andre merkverdigheitar.
For nynorsk er jo mest svensk, er det ikkje? Og ingen snakkar nynorsk i dette
landet her, så koffor – kvarfor eller kva søren det heita – ska me skriva det
då? Og han derre Asen eller Åsen var jo ikkje nordaførr Trondheim! Dei snakka vel
ikkje dialekt i nord då, eller? Kan vi ikkje heller lære eit språk til? Seier
dei.
Eg skjønar problema deira. Det er eit tankekors at vi i
dette lille landet skal halde på i halvtanna hundre år å krangle om to
jamstilte formar av eit språk som knapt fem millionar menneske i verda brukar, alle
norske. Stabeiser sit framleis i kvar sin ende og drar i språktauget til det
ryk og alt blir engelsk. Enn om dei hadde blitt einige i 1938!
Det hadde verkeleg vore nyttigare om ungdomane lærte kinesisk.
Eller swahili, som er lingua franca i det meste av Austafrika, offisielt språk
i 5 land og blir brukt av over 140 millioner menneske. Men verda sett frå Noreg
er jo litt annleis.
Lillibeth Lunde
Norsklærar i utlendigheit