søndag 17. juli 2022

 En facebookvenn, Svein Grødaland, har lagt følgende innlegg på sin profil:

"Invitert til Sarons dal

For dei som ikkje veit det, Sarons dal er senteret for misjonering i andre land. Dette gjer dei ved å bruka lokale krefter og materiell. Dette fungerer, og det er snakk om fleire titals tusen som vert omvende kvart år.
Eg vart invitert til å vera med til denne staden, eit par timar kjøretid frå min privatadresse.
Første inntrykk: Mykje folk, spesielt familiar med born. Eit velsmurt apparat som ser ut til å halda høg kvalitet.
Me fekk med oss to møte. Først eit møte for born. Eit fantastisk tablå, eller, skal eg seia ei dramatisering av menneskeleg hjelpeløyse sett opp mot ein allmektig Jesus. Det vil seia, glimtet inn i Bibelen handla om Jesus i Getsemane skjærtorsdag kveld. Han veit kva som skal skje, og har ikkje lyst. Menneskeleg nok, og i samsvar med Boka. Det pussige er at det er akkurat den biten det vart lagt vekt på, at heller ikkje me alltid har lyst til å gjera et Gud vil.
Eg ville heller brukt kontrasten mellom den hjelpelause suppa av tiltak menneske kan varta opp med, sett opp mot ein allmektig gud. Det poenget vart skusla vekk. Deler av tablået handla om ein konge som hadde blitt sjuk etter å ha sove med kongekrona på heile natta.
Eg har mine teologiske instinkt intakt.
Så var det seminar. Thor frå Farmen preika. Interessant perspektiv med tre fordeler med å vera kristen, sett opp mot tre ulemper. Dei siste vart plukka ned og plassert.
Men først eit par reklamesnuttar om eige arbeid pluss for eit kristeleg forlag. Deretter lovsangen, der det vert venta at folk står og svaiar med kroppen og hendene.
Eg sat, nokså langt bak i salen. Det er forresten litt dumt dersom ein vil vera anonym i ei pinseforsamling. Den bakerste benken er reservert tilfeldige gjester som lurer på kva dette er for noko. Den benken fungerer bortimot som eit sakrament.
Seminaret vart avslutta med at me vart oppfordra til å bruka nokre minutt til samtale med den som sat ved sida vår.
Oisann. Ein skal ikkje driva hykleri, aller minst i ei kristen forsamling. Me utveksla våre respektive posisjonar i forhold til trua. Det var ein distinkt skilnad mellom oss. Ho ville be for meg før me gjekk kvar til sitt. Kattepine? Nei. I grunnen ikkje. Eg kjende på at premissene for hennar bøn vart feil for meg, så eg takka nei.Eg fekk takk fordi eg var ærlig, sa det som det var.
Dette var mitt første møte med Sarons Dal. Det var interessant å sjå og oppleva. Eg er glad for invitasjonen.
Deira opplegg er ikkje mi greie. Mi til nærming til trua går ikkje via store bokstavar og appellar. Mi dør inn går gjennom undring, -O store Gud når eg i undring anar.....
Min Gud er ikkje ein Aladdins lampe, som eg kan gni på når noko står på. For meg vert det fort blasfemisk.
Sarons Dal står i ein breid tradisjon i lag med mange av bedehusa og frimenighetene våre. Det meste var gjenkjennbart slik eg har oppfatta moderne lutherske bedehus fungerer.
Eg har eit gammalt minne om ei høgmesse i Irland. Der kjende eg meg heime. Der var det rom for mine verdiar. Der er ingen apellar til tru. Der er ro og tid til undring over det store mysteriet både Livet og Trua er. Der var rom for undring." Og jeg la på følgende kommentar:
Det som alltid forundrer meg i slike miljøer er behovet for fullstendig underkastelse. Minner om politiske ideologier som fanger folk på samme måte, med en Stor Leder som skal ta seg av alt. Som beruses av egen makt og undertrykker og utnytter folk.
Er det kanskje slik at mennesket svært sjelden utvikler en helt selvstendig, individuell identitet? Og at mennesket, som et flokkdyr, stoler mer på tryggheten i flokken enn sin egen evne til å tenke og gjøre gode vurderinger?
Undring, ja ...
"Hvi skrider menneskeheten så langsomt frem" skrev Henrik Wergeland. Kanskje fordi kunnskap og klokskap er så lite verdsatt. Derfor fungerer ikke demokratiet etter hensikten heller. Folk lar seg lure av billig retorikk og velger politikere som bruker de mest svulstige frasene. Patos trumfer fullstendig etos og logos, altså appellen til følelsene vinner over troverdighet og fakta. Så i den grad folk i det hele att gidder å bry seg og bruke stemmeretten ender vi med de mest "smarte" upålitelige politiske lederne. Og folket jubler, til de får føle konsekvensene for deres eget liv. Og da hopper de på de flyktige løftene til neste pratmaker. Nettopp slik vi sist endte med en statsminister fullstendig uten ryggrad, som underkaster seg de store økonomiske kreftene i E U og U S A. Ganske likt den misjonerende kraften du beskriver her. Det er ganske mange penger i omløp i de miljøene også.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar